Nå er det LAURDAGSKLUBB i staden for Søndagsskule i Vikebygd.
Vi ynskjer alle born som er 4 år eller eldre velkommen annankvar laurdag.
Vi samlast på bedehuset klokka 15.30. Du er Velkommen.
Norsk Søndagsskoleforbund er historie!
Frå 1. januar 2012 er Norsk Søndagsskoleforbund historie. Det nye namnet på organisasjonen er SØNDAGSSKOLEN NORGE. I Vikebygd heiter det: Laurdagsklubben. I 2011 var det heile 44 born som møtte her. Les pressemeldinga.
Vikebygd Laurdagsklubb & Søndagsskule er tilslutta: Karmsund-Sunnhordland Søndagsskulekrins av Søndagsskolen i Norge.
-NÅ ER DET PÅ LAURDAGANE !! 2. kvar laurdag klokka 15.30 - 17.00
Vi lagar ting saman, spelar spel, syng og høyrer om Jesus.
Våren 2012:
Laurdagsklubben 4. februar 18. februar 3. mars 17. mars 31. mars 14. april Avslutning ein lørdag i første del av mai. Informasjon kjem.
I 2011 var det 26 som betalte medlemskontingent og heile 44 som møtte ein eller fleire gonger i løpet av året. I 2008-2011 var det omlag 30 som deltok årleg. Vanleg frammøte var 12-20. Desse var for det meste i ei gruppe i saman, med aktivitetar tilpassa 4 - 11. år
Hovudleiar er Kjersti Hausberg Bjerga. Og med seg har ho: Jone Bjerga, Lene Liodden, Steinar Skartland og 1-2 hjelpeleiarar.
BILDER FRÅ: JULETREFESTEN 2. januar 2010 JULETREFESTEN 27. desember 2008 JULETREFESTEN 29. desember 2007, på bedehuset JULETREFESTEN 30. desember 2006 på Bedehuset. JULEFESTEN i 2001
--- Bli med til LAURDAGSKLUBBEN du óg ---
Laurdagsklubben (søndagsskule på laurdagen) i Vikebygd samlast på bedehuset klokka 15.30. Arbeidet er å sjå på som kyrkja si dåpsopplæring, men er open for alle som ynskjer å koma. Både døypte og udøypte. Opplegget hos oss er tilrettelagt for dei frå og med 4 år og oppover til ca 10 år. Om nokon ynskjer å bli med før dei er 4, så må ein av foreldra vera saman med dei.
Det er sjølvsagt heilt i orden - og kjekt - at foreldre  til dei som er over 4 år også blir med inn på laurdagsklubben. Det hender det er godt med eit ekstra fang å sitja på, for dei minste borna. Velkommen er de alle. (Elles minner vi om at det er TrippTrapp samling for dei frå 0 til 6 år ein fredag i månaden, frå klokka 11:00 til 12:30).
----- Bli med du óg ------
Til høgre kan du sjå Kanille og Joffen (Elisabeth og Jone) som besøkte Laurdagsklubben sitt familiemøte og adventsfest 1. desember 2007.
Litt frå tidlegare:
Laurdagsklubben har i mange år hatt juletrefest enten i romjula (slutten av desember) eller første dagane i januar. Frammøtet her varierer frå 40 - 70 i alle aldrar.
|