2. Tilsette

Det er fellesrådet som har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette, utanom presten som har prosten i Nordre Ryfylke Prosti som sin overordna. Dei tilsette som er tilknytt kyrkja i Vikebygd er:


Les også omtale av dei tilsette HER
-Johannes Nedrelid, Sokneprest 
-Nelly Kotkowitch Kantor/Organist
-Jury Kotkowitch Kantor/Organist
-Tove Standal Vaka, kontorsekretær Ølen
-Britt Karstensen,  Kateket/Kyrkjelydspedagog
-Inghart Lasse Tveit, Kyrkjeverge i Vindafjord

Stillinga som kyrkjetenar står ledig etter at Mary Tindeland slutta hausten 2009. 
Inntil vidare blir tenesta utført delvis på dugnad og delvis av kyrkjetenar i Skjold.

Klokkartenesta i Vikebygd vert utført på "dugnad" av:
- Britt Nelly Ness Tveit
- Steinar Skartland

- - men vi skulle gjerne hatt endå to til å dela på denne dugnadsteneste.
Om det er mogeleg for deg å vera med omlag 4 søndagar kvart år,
så ring til Steinar Skartland - Tlf 53 76 91 28 / 908 73 170
og sei i frå. Også om du ikkje kan binda deg til bestemte datoar lang
tid i førevegen, men kan tenkja deg å tre inn som vikar når det er trong for det!

Klokkarløna vert tilført soknerådet sin kasse, og vil m.a. verta nytta til
garanti for løn av kateket og tiltak innan barne- og ungdomsarbeid.

Reinhald og kyrkjegardsarbeid vert nå utført av tilsette og innleigde
organisert av Kyrkjeverja.