![]() | ![]() |
Dei skulle få sjå han i Galilea.
|
|
![]() |
![]() |
Engelen hadde sagt: "Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og nå går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han." Dei var lydige også nå, og drog til galilea.
Det var nokre menn - vanlege folk, nokre av dei var fiskarar, som hadde fått eit kall: Johannes 1, 12: "Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born." Dei tok imot Jesus, og i 3 år vandra dei saman med Han. Dei opplevde ein mann som kjende ordet som var skreve ned av dei gamle profetane. Når Han tala - så samla folk seg i store flokkar for å høyra - og for å vera nær. Denne mannen som sa om si fullmakt: Joh. 5, 19: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, men berre det han ser Faderen gjer. Det Faderen gjer, det gjer Sonen like eins. For Faderen elskar sonen og syner han alt det han sjølv gjer." -og vaktene som var sendt for å gripa han, sa om han, som det står i Joh. 8, 46: "Aldri har noko menneske tala som han." Læresveinane hadde opplevd å vera saman med ein som kunne metta 5000 med 5 byggbrød og 2 fiskar. Ein som kunne gå på vatnet, gjera folk friske og endå til vekkja opp att til liv dei som var døde, slik han gjorde med venen sin Lasarus, som hadde lege 4 dagar i grava før Jesus kom. Det var ikkje med trolldomskunster og mystiske trylledrikkar, men med ei bøn til Gud og dei enkle orda: "Lasarus, kom ut!" Det heile hadde toppa seg då Jesus rei inn i Jerusalem. Folket jubla. Dei la palmegreinene på bakken føre han. "Hosianna," ropa dei. "Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Israels konge." Men så snudde det om. Jesus vart teken til fange, spotta, dømd og henretta. "De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne." Det sa han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Men kunne ikkje Gud, som er allmektig, berre ha tilgjeve folket då? Gud er ikkje åleine. Satan - djevelen arbeidar også, med si vonde makt for å riva til seg menneske. Få dei til å gå hans vonde ærend. Det var ein gong ei kvinne som var grepen i ekteskapsbrot, fortel Johannes i kapittel 8. Dei førte henne til Jesus for å prøva han. Moses hadde sagt at slike skulle steinast - kva seier du nå? spurde dei. Jesus svara til slutt: "Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen." Då måtte dei ein etter ein erkjenna, ikkje ein av dei var utan synd. Og dei gjekk bort, den eine etter den andre, og dei eldste fyrst. Det var berre ein som var syndefri, og som kunne sigra over synda, over Satan og over døden. Jesus. Og han valde å ta den straffa. -"For at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." -Slik Jesus sa dei i Johannes 3, 16. Då kvinnene kom til grava påskemorgen, møtte dei ei tom grav, og ein engel som sa til dei: (Matt 28,7) "Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og nå går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han." Kanskje var det derfor dei stod her med Gennesaretsjøen, eller den Galileiske sjø, som han også var kalla. Fordi Jesus hadde bede dei om det. Jesus hadde alt synt seg 6 gonger for folk etter at han stod opp. Så stod dei der. Kva skal me ta oss til mens vi ventar? -tenkte dei kanskje. Fleire av dei var fiskarar av yrke. Simon Peter seier til dei andre: "Eg vil av og fiska." "Vi går med vi òg," sa dei andre. I alt 7 læresveinar drog ut på sjøen denne natta. Erfarne som dei var, så kjende dei alle dei gode fiskeplassane, og dei viste korleis det var best å fiska i Tiberias sjøen i Galilea. Men likevel, -ikkje ein einaste fisk fekk dei heile natta. Så, i grålysninga om morgonen, låg dei ca 100 meter frå land med båten sin. Då såg dei ein mann som stod der. Han ropte ut til dei: Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått. Jesus bad om å få noko av fisken. "Kom og få mat," sa han, og laga eit måltid til dei av brød og fisk. Ingen av dei stilte spørsmålet: "Kven er du?" For dei visste det var Herren. Det var her med dette bålet at Jesus stilte 3 spørsmål til Peter: og Jesus gav 3 gonger eit oppdrag til Peter: For kvart spørsmål understreka Peter sterkt: "Herre, du veit at eg elskar deg." Det er altfor lett å tenkja på læresveinane som eldre, kloke personar. Slik har dei nok i ein del samanhengar blitt framstilte på bilder og andre måtar. Men dei var unge menn. Når alt kom til stykke så ser vi korleis dei misforstod, tvilte, fornekta, ja, dei var kan hende på mange måtar lik menneska i dag. Jesus valde ikkje ut dei skriftlærde eller dei med lang erfaring som forkynnarar og leiarar. Han valde seg ut vanlege arbeidsfolk, som kan hende også måtte tenkja: "Kva kan eg gjera? Eg som er så uerfaren?" Men Jesus kunne bruka dei og forma dei. Han kan bruka deg på samme måte som han kunne bruka dei. Når fiskarane ikkje fekk fisk om natta, var det ikkje for di dei hadde vore ulydige eller gjort noko feil. Det var fordi at Jesus skulle få syna dei endå eit under. Han ville syna dei at han hadde all makt i himmelen og på jorda. Han var ikkje eit spøkelse eller eit gjenferd. Men han stod der på stranda som ein menneske - slik dei var van med å sjå han. Jesus var nok ein gong verten som inviterte - og dei takka ja til invitasjonen. Han gav dei mat for magen, men gjennom dette å få vera saman med Jesus, fekk dei mat for sjela si. Gjennom å ta i mot innbydinga frå Jesus: "Kom og et!" -fekk han styrkja trua deira. Ennå ein gong var Jesus der hos dei. Alt dette var ein del av Guds plan. Vi skal ikkje seia kven gjorde rett og kven gjorde gale. Når vi feirar påske, skal vi ikkje bruka tid til å grunda på: Kven drap Jesus. Vi skal derimot få prisa Gud for hans store plan. Der han hadde ein langsiktig strategi og plan for å sigra over den vonde. Ennå er ikkje kampen over. I efesarbrevet, kap.6 vers 12, kan vi lesa det slik: "For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda." Vi er i ein mellomfase mellom på eine sida: Jesu frelsesverk, då Jesus sona straffa og sigra over døden; og på den andre sida: Jesus skal koma igjen, slik Jesus sjølv fortel om det i Lukas ev. kap 21. 25-28: Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær. Innanfor eller utanfor? Det er spørsmålet. Jesus har opna vegen inn til det evige livet. Jesus stiller også spørsmålet til deg, som han stilte til Peter: "Held du av meg?" Vil du då svare som Peter: "Ja, Herre, du veit eg held av deg." "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." Det er til deg. |