Soknerådet sitt ansvar

Soknerådsvalet 2011 halde den 12. september, i på Vikebygd Bygdahus.Vikebygd kyrkje. Ut frå den lista med 15 namn som nominasjonsnemnda har sendt inn, skal det veljast 6 medlemer og 5 varamedlemer til det nye soknerådet, for perioden 2011 - 2015.

Hausten 2011 vert det soknerådsval i alle kyrkjelydane i Noreg.
Namna på medlemane i Vikebygd sokneråd, kan du lesa her.

Soknerådet

I bibelen vert det m.a. skreve ein god del om "dei eldste i kyrkjelyden." Dette var ikkje dei som var eldst av alder, men personar som var valde til eit eldsteråd som skulle vera tilsynsmenn i kyrkjelyden. På same måte kan vi seia at soknerådet er kyrkjelyden i Vikebygd sitt eldsteråd, som særskilt skal ha omsyn for det kristne livet i kyrkjelyden, uttrykt som at rådet skal "vera ein katalysator for dei behov som rører seg i kyrkjelyden."

Vidare vil soknerådet ha ei viktig oppgåve i å synleggjera overfor befolkninga dei mogelegheiter som ligg i dei ressursar kyrkjelyden (og kykjelydane i fellesskap) disponerer. Soknerådet si oppgåve vil vera både å setja i gong verksemd og å leggja til rette for at ein både gjennom tilsette sine ressursar og kyrkjelyden sin økonomi, kan stimulera til friviljug verksemd og engasjement i kyrkjelyden.

Frå kvart sokneråd i kommunen vert det elles vald 2 personar som saman med kyrkjeverge, sokneprest og ein representant frå kommunen, utgjer fellesrådet. Hovudoppgåva til fellesrådet er å vera arbeidsgjevar for dei tilsette, og ha tilsyn med, og ansvar for, bygg og eigedomar som kyrkja eig og disponerer.

Ei opplisting av oppgåver for soknerådet vil sjå slik ut:

Generelt verksemdsansvar:

  • Gudstenesteliv
  • Dåps- og konfirmasjonsundervisning
  • Diakoni
  • Kyrkjemusikalsk verksemd som kor, konsertar og anna song- og musikkliv i kyrkjelyden.
  • Barne- og ungdomsarbeid
  • Besøksteneste
  • Barnehage
  • Bibelgrupper, husgrupper
  • Kyrkjelydsblad etc.

Spesielle oppgåver nemnde i kyrkjelova:

  • avgjera formål for ofringar
  • oppretta stillingar (med fellesrådet si godkjenning)
  • medvirka ved tilsetjing av prest, prost og biskop
  • fordeling
  • avgi rapport til kyrkjeleg myndigheit
    (departementet, kyrkjemøtet, bispedømerådet)
  • føra oversikt over inventar og utstyr
  • utleige av kyrkja
  • førebu og gje innstilling i saker til kyrkjelydsmøtet
  • førebu og gjennomføre val av sokneråd

Oppgåver nemnde i Gudstenesteboka, kor soknerådet avgjer:

  • bruken av alternativ musikk til einskildledd
  • formene for lovsong
  • val av tekstlesarar
  • når og kor ofring skal finna stad
  • kva for form av Herrens bøn som skal nyttast
  • kva type vin som skal nyttast
  • kva for utdelingsmåte som skal nyttast ved nattverd
  • velja leke nattverdsmedhjelparar, etter framlegg frå presten.
    Desse skal godkjennast av biskopen.

Tidlegare aktivitet i kyrkja vår: