Kyrkjeåret 2009

Litt av det som har hendt i 2009 i Vikebygd vert samla her


 
Kyrkjeåret 2009

Gunnar Listog sluttar av som redaktør for Hyrdingen
(8.3.09) Kyrkjelydsbladet Hyrdingen kjem ut gratis til alle husstandar fleire gonger i året.  Gjennom ei årrekke har Gunnar Listog vore redaktør for Hyrdingen og teke ein stor og viktig del av arbeidet på dugnad.  Saman med seg har han hatt ei redaksjonsnemnd, der Jens Tveit frå Vikebygd har vore med.  I tillegg har han hatt tett samarbeid med kyrkjeverje Ingardt Lasse Tveit.

Men no har Gunnar bede om avløysing frå denne tenesta.  Førre numemr av bladet vart difor utgjeve med Jens Tveit som redaktør. Samstundes har det vore jakta på ein etterfylgjar, og Steinar Skartland vil fungere i denne rolla framover.  I tillegg til ei oppegåande redaksjonsnemnd vil ein be trykkeriet (A1 Ide i Ølen) om å ta ein større del av oppgåva. 

Vi rettar ei stor takk til Gunnar Listog for ei lang og god teneste for bladet.

Basar på bedehuset
(3.4.2009) Fredag 3. april vart det bedehusbasar og årsmøte med val på husstyre.  Det nye bedehus-styret Klikk her for å sjå eit større bildebestår nå av: Jens Tveit (leiar), Berit Skartland (kasserar), Anders Sørhus, Torbjørg Skogen og Sigrun Alne. Jens retta stor takk til Georg Barane og Brita Laugaland som gjekk ut av styret etter mange år.   Omlag 40 deltok og ved loddsalet kom inn opmlag 13.500 kr.  Bedehuset har hatt store oppussingsarbeid i seinare tid og materialar er dekka av innsamla midlar.  Folk har gjeve meir enn det kosta, og bedehuset har nå penger i banken som kan nyttast til vidare tilrettelegging av huset.

Andakten var ved Kjersti Hausberg Bjerga som peika på Jesu ord: Sjå eg går bort og lagar til ein stad for dykk; og I huset år far min er det mange rom.  Ho oppfordraoss til å nytta den stille veka til å lytta og søka kontakt med Gud otg Jesus.  Les meir her


Misjonslaurdag på bedehuset
(21.3.2009) Laurdag 21.3. inviterte sokneråd, bedehusstyre og laurdagsklubb til misjonsdag med gassisk mat, film og info frå ungdomane si reise til Madagaskar, aktivitetar for born, song og basar.  Omlag 60 deltok.  Les meir her

Sunniva, Håvar og Bjørn fortel frå Madagaskar-turen


Reduksjon i gudstenestene? (21.3.2009) Dei seinare åra har det vore 20-21 guds-tenester årleg i kyrkja i Vikebygd. Sidan 1960 talet har det vore vedtak på er 17, med tillegg av gudsteneste 17. mai og juleafta. Våren 2009 vart det vedteke å ha 15,5 gt i Vikebygd i året, m.a. for å kunna auka gudtenestetalet i kommunesenteret Ølen. 

Dette vart drøfta i soknemøte 15.3 og med vedtak i soknerådet 17.3.  Soknerådet syner her til Biskopen sin visitasrapport som seier at presteressurs og trusopplæringsressurasr må aukast i Vikebygd.


                                                              

Vikebygd kyrkje treng vedlikehald.
(3.2.09) Ved Bispevisitasen våren 2008 utarbeidde Bispedømmet sin kyrkjebyggkonsulent, Finn Bårdsen, ein tilstandrapport for kyrkja som viser at her er det stor trong for vedlikehald og at dette vert kostbart for kyrkja. 
Les meir om dette i eigen artikkel HER.


 

Konfirmasjonen den 10. 5.09
Klikk her for å sjå eit større bildeI år hadde Vikebygd fire konfirmantar.
Vi gratulerer: Christoffer Bjørnevik,Marte Gangstø, Per Øyvind Valen og Mandius Vårvik med dagen. I kyrkja samlast 104 av familie, vener og bygdefolk til gudste-neste.  Ungdomar
 og prest kom inn i prosesjon der klokkaren gjekk fremst og bar krossen.  Så fekk dei sessa seg i midtgongen. Ein etter ein kom dei fram, fekk krossen teikna i panna med vatn frå dåpsfatet før dei knela ned til forbøn. Ein dag dei nok vil minnast gjennom livet.
Les meir HER.

Stor vår-dugnad ved kyrkja
(7.5.09) Vikebuen spanderte 8000 kroner på soknerådet til ny singel Klikk her for større bildeutanfor kyrkja.  Torsdagskvelden var her full aktivitet.  Tre trak-torar og 13-14 kvinner og menn var i full aktivitet med krafser, river og hagereiskapar. Nå er det utvendige klart til konfirmasjon og nasjonaldag. 

I dugnadsgjengen var både ungdomar, vaksne og nokre godt over pensjonsalder, Men samarbeidet i dette soknerådet er svært godt, og det var ein munter tone i dugnadsgjengen denne kvelden.  Først klokka halv ti kunne dei siste pakka saman.

Klikk her for eit større bildeEin stor takk til alle som deltok og til Vikebuen som støtta opp med midler. Ikkje alt gjekk til grus, så soknerådet vil få gjort meir dugnad-sarbeid i løpet av som-maren for å bevara den finaste kyrkja i bispe-dømmet.  "Ei Domkyrkje i miniatyr", kalla stiftsdirektøren i Bispedømmet kyrkja vår.     Les meir HER    (Steinar S)



 Prost Arne Øystese med
gudsteneste på Vikestølen

(5.4.2009) Palmesøndag vart det invitert til Klikk her for å sjå eit stort bildegudsteneste på Vikestølen.  Bjoa sokneråd hadde ansvaret for denne fellesgudstenesta for Vik og Bjoa.  Omlag 35-40 tok turen og samla seg ute på terrassen sør for hytta.  Prost Arne Øystese tala over teksten om kvinna som salva Jesus før han drog inn i Jerusalem og vart hylla med palmegreiner og song av folket. 

Litt grått vêr med kjølig vind, men opphald og einskilde solglytt gjorde at flokken samlast ute slik ein skal gjera på ei friluftsgudsteneste.  Etterpå gjekk praten rundt bord medan folk nytte kaffi og nistemat.  På Bjoa skulle dei ned til Eikås for å starta turorienteringa med skattejakt, klokka 15.00.


Medarbeidersamlinga våren 2009 
28. mai hadde sokneråd og bedehusstyre invitert til medarbeidersamling på bedehuset for alle som er med i ulike arbeid innan kyrkje og bedehus.  Ein fin flokk kom saman og fekk høyra inspirerande ord frå Brittt Karstensen.  Ho fekk alle med på å byggja ei kyrkje i lag, der kvar og ein som var tilstades utgjorde ein del av kyrkja. etter maten var det gruppesamtale om arbeidet i bygda og kva som kan gjerast betre.  Vi takkar alle som kom for ei fin samling og deltaking.


 Vikestølsstemnet 28. juni.
Klikk for å forstørra bildetDet var svært varmt i år.  Likevel hadde 35 funne vegen opp skogsvegane, dei fleste til fots frå Eikås på Bjoa. Nokre eldre fekk bruka bil opp.  Hovudtalar på møtet var John Birger Wold, men elles deltok også Jørgen Landa og Steinar Skartland som sit i styret vor Vikestølsmøtene.  

 Klikk her for å forstørra bildet.Han må kallast veteran på Vikestølen, Magnus Sørhus. Med sine 96 år stod han rakrygga og tala varmt om Vikestølsmøta og minna om dei som han i tidlegare år hadde møtt her. Og ikkje minst om korleis dei hadde vitna om Jesus i song og tale.
Les meir om Vikestølsmøtet HER.


Ny biskop er tilsett.
Erling Pettersen er utnemnd til ny biskop i Stavanger Bispedømme.  han tek til i stillinga i november.
Kva slags kyrkje den nye biskopen ser for seg, kan du lesa meir om HER.


Hausttakkefest, innsetjing av kantorar, barnekor og dåpsfest

Klikk her(18.10.09 Steinar)  Denne hausttakkefesten vart borna sin fest.  Laurdags-klubben fylte opp heile koret i kyrkja då dei stilte seg opp og song.  Så samla prost Arne Øystese borna i midtgongen, der han sjølv sette seg på golvet og tala til dei.  Det vart heilt stilt når han fortalde for den store barneflokken på ein måte så dei vaksne og kunne fylgja med. 

Søndag og dåpsdag
Festdag med trippeldåp i kyrkje

(2.8.2009) Det vart travelt for sokneprest Johannes Nedrelid som først hadde gudsteneste i Sandeid klokka 10, og så i Vikebygd klokka 12. Men i kyrkja i Vikebygd var 106 små og store samla. Mange av dei, både menn og kvinner, i flotte bunader. 

Første del av gudstenesta var innmarsj der 3 små jenter vart borne til dåpen.  Alle tre fekk med seg eit eige dåpsljos som vart tend under dåpen.  Og kanskje vart foreldre og fadrar litt overraska då kvart barn og fekk med seg dåpskluten som vart nytta til å tørka hovudet til barnet med.  Dei var laga på Madagaskar.  I tillegg hadde Marta Tveit brodert inn barnet sitt namn og dåpsdato.  Soknerådet i Vikebygd har vedteke å gje dette som gåve til kvart barn som vert døypt.  Slik får dei eit flott minne med seg frå dåpen.

Under talen fekk borna fargeleggja ei teikning og etterpå fekk dei koma fram og vera med på å syngja barnesongar.  Ei flott Gudsteneste feiring i kyrkja denne dagn.  Les meir HER.


Medarbeidersamling:
kyrkje-Bedehus-lag og foreningar.
Torsdag 12. november var 30 ungdomar og vaksne samla på bedehuset for å snakka saman om arbeidet i kyrkje og bedehus.  Det er mykje godt kristent arbeid i bygda, men ofte fell ansvaret på dei same og på få.  Gjennom å finna fellesskap kyrkje-bedehus og spela på dei gode kreftene som alt er i aktivitet i TrippTrapp, Laurdagsklubb, Speidar, Foreningar sokneråd, bedehusstyre og ulike lag, klarer kristen-flokken å sjå framover, bretta opp armane og driva eit godt arbeid. Soknerådsleiar Brit Nelly Tveit oppfordra fleire til å vera med i ulike oppgåver. Medan leiar i bedehus-styret, Jens Tveit, peika på at Jesus er fikentreet og vi er greinene. Vi er ein del av treet - ikkje noko utanfor.  manglar det greiner så er ikkje treet heilt.  Mange gode idear vart lufta - og bygda ser framover og oppover. 
    
      


 

 

Klikk herSpesielt var alle 4-åringane inviterte denne søndagen.  Ein etter ein kom dei springande fram for å få ei gåva av kateket Britt karstensen: Barnebibelen. Dei hadde fått vore i kyrkja på laurdagen og, så her var dei kjende. 
 

Klikk her for stort bileteInnsetting av dei to nye kantorane (organistane) våre, Nelly og Jurij Kotkowitch, hadde og fokus. 

Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit las opp tilsetjingsbrevet i starten av gudstenesta og ynskte dei velkomne.  Så delte dei på å spela gjennom gudstenesta.