|
Biskopen på Visitas Ein flott kyrkjelydskveld i kyrkja torsdag 5. juni avslutta biskop Ernst Baasland sin visitas.
Born og ungdom dominerte med song, musikk, dans og annan framsyning. Men også bedehus-arbeidet for alle aldrar vart presentert både med ord, oppvisning og ljosbilete.
Biskop Ernst Baasland og hans fylgje fekk oppleva ein kyrkjelyd med stor aktivitet på mange frontar. Noko Biskopen tok med i si oppsummering frå visitasen. Omlag 100 deltok i arrangementet som avslutta med utandørs kyrkjekaffi.

|
 Dansegruppa som opptrådte under leiing av Lene Liodden. Imponerande flinke ungdommar!
Les meir på: VIKEBYGD.ORG
|
 Sunniva Tveit og Tjell Børge diskuterer kor dei skal plassera forslaget på aktivitet. |
Ein ungdommeleg førvisitas Som ein del av førebuingane til biskopen sin visitas, vart aktive kyrkjelydsmedlemar inviterte til "Førvisitas samling" på bedehuset 26. februar. Ein stor flokk ungdomar var med å senka gjennom-snittsalderen denne kvelden. Her bruka 35 i alle aldrar kvelden til å snakka om arbeidet. Kva vi har og kva vi ynskjer. Ei god hjelp til å leia oss gjennom dette fekk vi i frå Prost Arne O. Øystese og misjonskonsulent Kjell Børge Tjemsland, frå biskopen sitt kontor. |
|
Konfirmasjonen i Vikebygd. Flott samtalegudsteneste med konfirmantane søndag 13.april. Etterpå vart det fest for konfirmantar og familiar på bedehuset. 4. mai var det konfirmasjon.
|
 |
Blomstergudstenesta
Det har vorte ein tradisjon med blomsterguds-teneste i kyrkja i juni. Då organisten stemde i med preludiet kom ein prosesjon av born med blomar i hendene oppover midtgangen. Bakerst vart to dåpsborn borne av familiane sine. Johannes Nedrelid fortalde om guten som reiste heimanfrå, men som søkte attende til faren då han hadde øydd opp alt han åtte. Likevel tok faren vel imot han. Slik vår Far i Himmelen tek imot kvar og ein av dei som vender om og søkjer attende til barnetrua på Jesus, vår Frelsar. |
Medarbeidersamling (23.10.08) Når bedehusstyret og soknerådet kom i saman og inviterte til medarbeidersamling, så møtte dei i alle aldrar. Ungdomane frå klubb og speidar saman med vaksne med lang fartstid i bedehuset.
Brit Nelly fekk alle med i kreativ tenking. Ideane kom fram. Det som tok til i førvisitasen i vår fekk ei vidareføring. Det er flott å få oppleva korleis så mange ulike menneske som vi er kan byggja kyrkjelyden i saman. Det vart både ein nyttig kveld og eit flott fellesskap. -Dette bør vi gjera fleire gonger i året, sa Jens, noko alle var samde i.
|
SPEIDAREN
Den svært aktive speidartroppen fekk hausten 2007 nye leiarar til å ta over hovudansvaret, både for speidartroppen for dei store og småspeidaren. I 2008 er dei i full aktivitet m.a. med deltaking i krinsleiren på Fitjar 1.-8. august.
Les meir her om speidararbeidet, og om speidarbasaren 8. febr. 2008 |

|
|

|
Stemnet på Vikestølen Det 108. stemnet på Vikestølen samla 60 deltakarar oppe i fjellet søndag 6. juli. Hovudtalar var Harald Johnsen,(pensjonert prest frå Stavanger).
Klikk bildet for å lesa reportasjen frå stemnet.
Les også heftet om Vikestølen - nå på internett ! |
Haust takkefest 14.9. Søndag 14. september var det laga til hausttakkefest i kyrkja. Omlag 84 personar i alle aldrar møtte. Borna song og gjekk i prosesjon fram til altaret der dei pynta med frukt og blomar. Tre av 50-års jubilant-ane for konfirmasjonen var til-stades og vart presenterte. Det vart også dei fire ungdomane som skal konfirmerast til våren. Men før den tid skal dei "gå for presten". Læra meir om kva det vil seia å fylgja Jesus. I denne tida får dei også delta på gruppe samvær hos Arne og Brit Nelly Tveit, og konfirmantleir saman med Skjold konfirmant-ane. Gudstenesta slutta av med kyrkjekaffi som denne dagen vart halden utanfor kyrkjetrappa, i den fine og varme haustsola.
50 - års jubileum
 3 av jubilantane frå konfirmasjonen i 1954. |
 Store og små samlast til kyrkjekaffi utanfor kyrkja i haustsola.
|
Dugnadsfest for bedehuset (15.10.08) Styret for bedehuset inviterte 9. okt. til dugnadsfest. Taket er på plass, og arbeidet vart gjort på dugnad. Mellom dei som stilte opp for å hjelpa til var fleire erfarne handverkarar som gjorde sitt til at det vart eit godt resultat.
Midlane til å dekka kostnadane med materialar kom inn i form av gåver frå folk i heile bygda. Styreleiar Jens Tveit fortel at det kom inn omlag 65.000 kroner. Dette er meir enn forventa og dekker alle utgifter. Han takka både dei som møtte fram til dugnadsfesten og alle andre gjevarar i bygda for den flotte støtta. Nå kan bedehuset gjera ei god teneste i lang tid frametter.
'Elieser 6' med møte i Vikebygd Måtte flytta til Haraldseidvågen (15.11.08) |
Basar på bedehuset Vikebygd Norminsjonforening hadde sin årlege basar fredag 26.sept. Svært mange born var komne og ga uttrykk for at "dette var kjekt."
Borna stod i kø for å få bera gevinstane ut til vinnarane. Så var det og ein god tale som misjonæren med over seks år i Mali varta opp med. Med teksten og bilder på skjerm fanga Jo Kjetil Lønnesbakken merksemda både til borna og dei litt eldre rundt bora. Han har dei siste to åra vore heime i Noreg og er tilsett 40% i Normisjon nå.
|
|
|
Laurdag 15. nov. skulle Betelskipet Elieser 6 (Indre Sjømannsmisjon) ha lege til kai i Vikebygd. Men då skipet kom inn fjorden var vinden for sterk frå Vest og dei gjekk til Haraldseid-vågen. Her vart det møte med mykje song og musikk, matservering og utlodning. |
 I Haraldseidvågen
|
Mannskapet har turnus med ein månad på båten og ein månad fri. To skift på 4 byter på. Mesteparten av tida er dei i Nord-Noreg. Her er det lengre mellom bedehusa enn på Sør- og Vestlandet, så frammøtet er svært godt der, fortalde husmora ombord.
|
Det vart seld mykje lodd. Dei mange fine tinga og handarbeida som hang langs veggene og på
borda vart delte rundt etter kvart som misjonæren trekte ut nye nummer med pc'en sin. Fruktkorga hamna hos Olav Auestad, og som vanleg vart det mykje å ta med heim for Per Dommarsnes. Men dei koste seg alle samen - både dei som vann og dei som var mindre heldige.Her er det ikkje spelegalskap, men ein kombinasjon av ynskjet om å stø misjonsarbeidet og det å koma saman til hyggeleg sosialt samvær med kaffi, mat og andakt. |
Full kyrkje i Vikebygd på juleafta
|
(24.12.08) Som vanleg samlast Vikebuen seg i kyrkja klokka 16.00 på juleafta. 279 store og små kunne kyrkjetenar Mary Tindeland fortelja at det hadde vore. Korpset spela til songane saman med Arne Tveit på kyrkjeorgelet. Ein flott start på jula i bygda. Les meir HER. |
 | |
Tradisjonell Juletrefest
(27.12.08) 3. juledag hadde Laurdags-klubben og TrippTrapp invitert til juletrefest. 35 store og små fann vegen til bedehuset klokka 16. Her vart det kjende julesongar, juletre, mat og andakt. Mange kunne og ha med seg ein eller fleire gevinstar heim etter utlodninga. LES OGSÅ HER.
|
Haust takkefest. Søndag 14.9. var det laga til hausttakkefest i kyrkja.
 Omlag 84 personar i alle aldrar møtte. Borna song og gjekk i prosesjon fram til alteret der dei pynta opp med frukt og blomar.
Tre av 50-års jubilant-ane for konfirma-sjonen var til-stades og vart presenterte. Det vart også dei fire ungdomane som skal konfirmerast til våren. Men før den tid skal dei "gå for presten". Læra meir om kva det vil seia å fylgja Jesus. I denne tida får dei også delta på gruppe samvær hos Arne og Brit Nelly Tveit, og konfirmantleir saman med Skjold konfirmant-ane.
Gudstenesta slutta av med kyrkjekaffi som denne dagen vart halden utanfor kyrkjetrappa, i den fine og varme haustsola.
 3 av jubilantane frå konfirmasjonen i 1954.
|
Siste gudsteneste for kantor Medvedeva i vårt prestegjeld
(26.10.08) Som vanleg fekk kyrkjelyden i Vikebygd gle seg over fin orgelmusikk når Natalia Medvedeva sette seg på orgelkrakken. Men denne søndagen var ikkje vanleg. Soknerådsleiar Brit Nelly N. Tveit bad organisten koma ned i kyrkja. Der vart ho overrekt blomar og takk for tenesta i tre år.
 Kyrkjeverje Inghardt Lasse Tveit takka frå fellesrådet med eit fint rosemåla fat med inskripsjon. Nå skal ho til Bergen og studera i to år. For Vikebygd må ein nok greia seg med vikarar på orgelkrakken ei stund til ny kantor blir tilsett. (Bildet: Inghardt Lasse Tveit, Johannes Nedrelid, Mary Tindeland, Britt Karstensen og Natalia Medvedeva)
LES MEIR PÅ VIKEBYGD.ORG
|
|
|