Blomstergudstenesta 2010

Ein årleg og fin tradisjon er det å ta borna med i gustenesta. Dei ber inn blomar, syng og har oppgåver der. Då kjem mange til kyrkja i Vikebygd i alle aldrar.

Blomster-
gudstenesta
5. juni 2010

Det har vorte ein tradisjon med blomstergudsteneste i kyrkja i juni. Då organisten stemde i med preludiet kom ein prosesjon av born med blomar i hendene oppover midtgangen.  Bakerst vart to dåpsborn borne
av familiane sine.  Johannes Nedrelid fortalde om guten som reiste heimanfrå, men som søkte attende til faren då han hadde øydd opp alt han åtte. Likevel tok faren vel imot han. Slik vår Far i Himmelen tek imot kvar og ein av dei som vender om og søkjer attende til barnetrua på Jesus, vår Frelsar.