.
Vikebygd kyrkje 70 år
Den 23. september 1937 vart den vakre kyrkja i Vikebygd vigsla og teken i bruk. Etter det me kjenner til er dette den femte kyrkja i Vikebygd, og alle har stått i same området (to av dei ca. 50 m nærare sjøen).
Fyrste kyrkja er omtala i gamle skrifter, og den var truleg bygd på 1200-talet. Denne kyrkja vart nytta heilt til ny kom i 1682. Den andre kyrkja var i bruk i nær 200 år, men i 1872 vart den avløyst av ny, den tredje i rekkja. Berre 54 år seinare slo lynet ned, og kyrkja med det meste av inventaret gjekk tapt. Alt 2 år seinare, i 1928 stod den fjerde kyrkja ferdig til bruk. Det var ei nydeleg kyrkje bygd i stavkyrkjestil. Men 2 år seinare brann òg denne kyrkja, til stor sorg for bygdefolket. På denne tida høyrde Vikebygd til Sveio prestegjeld, og folket på vestsida av Ålfjorden hadde Vikebygd som kyrkjestad. Når det no skulle byggjast ny kyrkje i Vikebygd, ville folket på vestsida av fjorden ha si eiga kyrkje. Etter ein årelang strid enda det med at det vart bygt kyrkje både i Førde i Sveio, og i Vikebygd.
Same arkitekt (Alsaker) som teikna den fjerde kyrkja for bygda, var igjen engasjert, og 23. september 1937, vart ei ny vakker mur - kyrkje vigsla. Denne kyrkja har særpreg, og må kunna kallast ei arkitektonisk perle. Folk som opplever kyrkja for første gong uttrykkjer glede og undring over dette vakre bygget. 70 år er ingen høg alder for ei kyrkje, men denne er så spesiell at riksantikvaren har lagt si ?vernande hand? om henne. Framme i koret er det stort glasmåleri som syner Jesus som velsignar borna. Det er laga av ein av dei fremste kunstnarane på dette området, i Norden, Frøydis Hoversholm som har sine røter frå vestsida av Ålfjorden.
Fargane som er nytta i kyrkja er friske, og flott avsemde til kyrkjerommet og inventaret. Både på veggene ute er det utsmykkande detaljar i smijern, og inne er lysekruner og anna arbeid òg utført av kunstsmed Magnus Gunnarson, son til tidlegare sokneprest i prestegjeldet, Torstein Gunnarson. Kyrkja fekk nytt godt orgel for ca 20 år sidan, og som eit av dei beste lokala til konsertbruk, er ho ofte nytta i slike høve.
Det vert ikkje stor jubilering for kyrkja i år ? men om 5 år. Likevel stansar me opp og i takksemd for denne vakre kyrkja, vert 70 år markert med konsert 19. oktober og gudsteneste 21. oktober.
Jens Tveit