Stephen Sirris er utdanna kyrkjemusikar ved Norges Musikkhøgskole (2000), og har huvedfag i kyrkjemusikk fra same stad (2003).
Studieopphald ved Univärsitet der Künste, Berlin. Han er også utdanna teolog frå Det teologiske menighetsfakultet, og har studiar i idéhistorie og pedagogikk frå Universitetet i Oslo.
Frå januar 2001 arbeida han som kantor i Østerås menighet, Bærum. Nå er han høgskulelektor ved kirkelig utdanningssenter i nord, Tromsø. Stephen Sirris har god kjennskap til den Den Nordnorske landsdelen gjennom fleire prestevikariat.
Han har også dreve konsertverksemd over store deler av landet og i utlandet.
Omlag 20 personar møtte fram for å høyra denne røynde musikaren. Dei vart imponerte over kor mykje han klarte å trylla ut av dette vakre orgelet i Vikebygd. På programmet stod:
- Diderik Buxtehude (1637-1707): Preludium i D-dur
- Jan Pieterszoon Sweelinck (1562-1621): Ballo del Granduca
- Johann Sebastian Bach (1687-1750): Toccata og fuge, d-moll
- Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791): 12 variasjonar over "A, vous dirai-je, Maman"
- Fantasi, d-moll
- Noel Rawsthorne (1929- ): Prelude on Londonderry Air
- Egil Hovland (1924- ): Variasjonar over koralen "Herre Gud, ditt dyre navn og ære."
