"Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk."

Ein tekstmeditasjon ved tusenårsskiftet. "For tusen år er i dine augo som dagen i går då han for framom, eller som ei nattevakt." Salme 90. vers 4.

 

Jesus seier i Joh. 14, 27:

"Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk.  Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det.  Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause !"

Både i jula og i gudstenestene elles, syng me saman den songen englane song for gjetarane over Betlehemsmarka:

"Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, blant menneske som Gud har hugnad i!

Dette er fine ord, som skal hjelpa oss til å minnast Han som er årsak til, og midtpunktet i, vår årlege julefeiring: Jesus.

Både Bibelteksten og songen snakkar om "FRED."

Vi har fred i Norge, og har hatt det i mange år nå. Så lenge at det berre er nokre få av dei som lever i dag som hugsar at det har vore krig og ufred. Vi er blitt van med å ha fred rundt oss. Men var det dette Jesus tala om ?

Nei. Det var ein annan fred, eller "ikkje på same måten som verda gjer det." Vår forståelse av fred er ofte: "At det ikkje er krig" eller at det er "roleg" rundt oss.

Denne freden Jesus gir er basert på den tillit som vi skal ha til Kristus og Hans vern av oss. Ein fred Jesus skapte ved å ofra seg sjølv. Ved å ta all vår skuld og straff på seg. "Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, Og ved hans sår har vi fått lækjedom," seier profeten Jesaja (53,5).

Nå er året 1999 kome til ein slutt, og folk har markert over heile landet at nå er vi komne til år 2000. Fram mot dette årsskiftet har det vore mykje som har skapt frykt og uro hjå folk over heile verda. Det er krig i fleire land. Vi høyrer om naturkatastrofer og andre vonde hendingar. Mange rykter seier at det vil skje noko ekstra ved dette årsskiftet. Noko som kan hende er farleg ??   Eg veit ikkje om det er rett å kalla slikt spådomar. Spesielt var fokus retta mot alt som vert styrt av data maskinar.  Folk er blitt urolige og litt spente på kva som vil skje. Vil dei mange ryktene bli verkelegheit? -eller - - -

Nå skal vi ikkje vi snakka om dataproblem, og dei fylgjer tusenårsskiftet kan få i slike samanhengar. Men heller tenkja litt på kvifor vi har kome til dette årtusenskiftet. Ja, for det var ikkje sjølvsagt at det vart i år. Fleire stader i verda har dei anna tidsrekning. Det jødiske folket for eksempel er inne i år 5760, mens muslimane er i år 1420.

Vår tidsrekning starta med Jesu fødsel. Sjølv om ein ikkje er heilt sikker på om det var for 2000 år sidan, men heller 2004 eller 2007 år sidan, så er det likevel Jesu fødsel som har fått store delar av verda til å telja åra frå denne dagen og fram til i dag. Tenk at Jesus også i denne samanhengen i vårt liv skal få spela ei så stor rolle.

Då Jesu si tid som menneske her på jorda nærma seg slutten, samla han læresveinane sine rundt seg og gav seg til, endå ein gong, å læra dei. Denne gongen ville han fortelja om det som skulle skje med han sjølv, og kva som skulle leggjast til rette for dei som fylgde Jesus vidare framover. Det var vanskeleg for desse menna å forstå. Dei vart urolege og redde. Men Jesus sa til dei: "Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!"

Denne oppfordringa frå Gud skal vi óg få gje kvarandre nå når vi står i byrjinga av eit nytt tusenår.  Eit nytt tusenår etter Kristi fødsel. Vi har det nå eingong slik, vi menneske, at når vi står over for noko ukjent og nytt, så vert vi urolege.

Når Jesus seier: "Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk," er det lett for oss å tenkja på vår definisjon av fred. Men Jesus strekar under at dette er ein annan fred enn den som vi til vanleg tenkjer på: "Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause."

Fred med Gud er å få leggja alle ting fram for Han i takk og bøn, og få setja vår lit til Jesus som vår Frelsar. Då skal Gud få ta bort den uroa og ufreden som vi har inni oss, og fylla oss med sin fred. Han skal gi oss barnleg tillit til Guds frelsesverk, fullført for oss i Jesus Kristus. I ein travel kvardag blir det ofte ikkje tid til Jesus. Vi treng denne påminninga endå meir nå enn før. Å ta tid til å sitja ned med bibel og bøn, er som bruremøyene som tok tid til å fylla olje på lampane sine, og til å ta med litt ekstra (for det kunne jo henda at brudgommen drygde med å koma). Då skal Han fylla oss med sin fred, dag for dag.

Me gjekk ut av 1900-talet med krig og uro mange stader i verda. Måtte vi få vera med og la Jesu fred og Hans kjærleik få bli boren ut til våre medmenneske, så det kan bli fred inni oss, fred  i heimar, i bygder og byar og i landa i mellom. For Jesus kjem når tida Hans er inne.

Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause !" - seier Jesus.